Laurdag 3. juni 2017

  • Hovudpartner

  • Gullpartner

Løypebeskrivelse for Nordfjordrittet

Birkebeiner'n på tur rundt Nordfjorden!

 

Landevei.no rittblogg 2016

 

Løypa på www.strava.com 

 

Lote-Hennebygda-Hopland-Blakset-Stryn-Loen-Olden-Loen-Innvik-Utvik-Byrkjelo-Reed-Sandane-Vereide (125 km, 2.000 høgdemeter)

 

Løypetraseen i Nordfjordrittet er spektakulær med fantastisk utsikt, stigningar og nedkøyringar, lange, flate parti og ikkje minst ein fantastisk flott avslutning. Trasèen svingar ned til Sandane Sentrum og ut langs Gloppefjorden, opp Svingane før Vereide Kyrkje og med målgong på Vereide-flata. Totalt 125 km. 

 

Etter start på Lote går løypa på flat, litt småsvingete, god veg mot Hennebygda. Etter ca 5 km går det inn i ein 1 km lang tunnel. Vegen er ikkje spesielt brei her, og feltet er samla. Vegen er stengd for møtande trafikk til ein er ute av tunnelen. Så går det ein liten kilometer til på flata, før stigningane mot Kvalen startar.

 

Frå  start stig det oppover mot Hennebygda. Gloppen og Ryssfjøra i bakgrunnen.

 

Vegen på nordsida av Nordfjorden blir kalla Panoramavegen, og han ber namnet sitt med rette.

 

Langs Panoramavegen med utsikt til Indre Nordfjord.

 

Første fantastiske utsiktspunkt er på Kvalen, høgste punktet mellom Hennebygda og Hopland, vel 320 m.o.h. Her passerer vi 12 km, og har tilbakelagt 5,5 km med nesten samanhengande stigning. Spesielt dei siste 2,5 km før toppen er det bra med stigning. Frå Kvalen blir det litt kvile nedover mot Hopland, gjennom Randabygda, så går det på nytt oppover. 4,3 km ny stigning ventar. Smal veg i starten, men farten blir låg her. Før toppen på Nos går det i slak stigning gjennom ein bein tunnel på ca 1,2 km. Her når vi ca 530 m.o.h.

 

Utsikt frå toppen av Nos utover Nordfjorden.


Igjen er det kjempeutsikt innover fjord- og fjellandsskap, med kjende fjelltoppar som Skåla og Snønipa som bakgrunn. Løypa går i slak unnabakke innover mot Fjelli. Vegen her er til dels smal og svingete, men vegbana er av bra kvalitet.

 

Eit lite flatt parti forbi Bergset mot Ulvedal, før det går nedover mot Blakset. Her vil vi kanskje oppnå den høgste maksfarten på turen. Den bratte unnabakken går rett over i stigning mot Blaksettunnelane. To smale tunnelar. Heldigvis blir farten liten oppover her. Etter 200 høgdemeter stigning, er vi vel oppe på Robjørgane. Her har arrangøren langing av drikke. No går vi inn i eit lett parti på 2,5 km til vi treff på RV 15. Her vidar vegen seg ut og det er 7 km til Stryn.

 

Gratis langing av drikke på Robjørgane før Stryn.



Då er vi nede ved sjøen igjen, og skal ha flat veg forbi turiststader som Loen og Olden. 4 mil flatt langs Nordfjorden ventar. Er vi heldige med veret denne dagen, så ser vi her det vakraste landskap som finst! 

 

Her nærmar vi oss Loen, og ser fjellet Skåla.

 

Dei som treng påfyll av mat og drikke kan stoppe på matstasjonen i Olden.

 

Matstasjon i Olden.

 

Mellom Olden og Innvik har det vore vegarbeid i fleire år, men no er vegbana fin heile vegen, og det går i stor fart langs fjorden til Utvik. Nesten 9 km med stigning mot toppen av Utvikfjellet står for døra. Arrangøren har langing av drikke ca 5 km opp i bakkane frå Utvik.

 

Stigning opp Utvikfjellet med Stryn og Indre Nordfjord i bakgrunnen.

 

På toppen er vi på 600 m.o.h. og det går flatt bortover nokre få hundre meter, så går det nedover, med flott utsyn mot Eggenipa i Breim. 7 km frå toppen og ned til Byrkjelo. 

 


Nedfart mot Byrkjelo med Eggenipa i bakgrunnen.

 


Frå Byrkjelo er det god veg på E39 mot Sandane. Ved Breimsvatnet er det to tunnelar, lys framme og bak er påbudt! På Kleivedammen tek ein av frå E39, og det går unnabakke ned til Sandane sentrum. Dette er nytt av året! Her håpar vi på liv og røre med publikum gjennom sentrum. Vidare går løypa utover nede langs Gloppefjorden til Vereide. Her går vi går laus på den spektakulære avslutninga opp gjennom 4 hårnålssvingar. Nedanfrå og opp til mål er det ca 800 m og 55 m stigning. Totalt tilbakelagt ca 125 km. 


Målgong på Vereide i Gloppen.