Laurdag 3. juni 2017

  • Hovudpartner

  • Gullpartner

Praktisk

 

Påmelding:

Påmelding for Nordfjordrittet startar 1. desember og kan gjerast direkte frå nettsida via knappen "Påmelding". Betaling skjer gjennom quicktiming.no.

 

Starttidspunkt Lote:

Deltakarane kan velje mellom to startpuljar ved påmelding:

 

Pulje 1 med start kl 09.30 (tid over 6 timar)

Pulje 2 med start kl 11.00 (tid under 6 timar)

 

Viss du treng meir tid til å gjennomføre eller vil unngå fellesstart, kan du starte før eller etter pulje 1. Hugs då å gje beskjed om dette til våre folk i sekreteriatet på Lote!

 

Startkontingent Nordfjordrittet:

1. desember – 2. april: 450,-
3. april – 2. juni: 650,-

Etterpåmelding på rittdagen (fram til start): 800,-

 

Aldersgrense 17 år (må fylle 17 i løpet av 2017).

 

Inkludert i dette er energibar før start, gratis langing av 2 flasker (Robjørgane og Utvikfjellet), matstasjon i Olden, servicestasjon på Lote før start samt teknisk hjelp undervegs, drikkeprodukt frå samarbeidspartnar i målområdet samt varmt måltid ++ på Vereide etter målgong.    

 

Påmelding er bindande. Startkontingent vert ikkje refundert ved avbestilling.

 

Lisens Nordfjordrittet:

Dei som ikkje har løyst heilårslisens gjennom klubben sin kan kjøpe eingongslisens ved påmelding. Denne kostar 200,-. Lisensen går til Sykkelforbundet og inneheld ei ulykkesforsikring.

 

Sykkelleige:

Viss du treng å låne deg ein sykkel til Nordfjordrittet kan vi hjelpe deg med dette! Anten gjennom Sandane Sykkelklubb eller vår samarbeidspartnar G-Sport Sandane. 

 

Korleis kome til Nordfjordrittet:

Sekretariat og målgong er på Folkehøgskulen på Vereide som ligg rett ved E39.

Dei som kjem frå sør køyrer E39 forbi Sandane i 5-6 kilometer til Vereide og tek av til høgre og følgjer skilting mot Folkehøgskulen (ca 200 meter). Dei som kjem frå nord, køyrer av ferja på Anda og køyrer 7 kilometer langs E39, tek av til venstre, og følgjer skilting mot Folkehøgskulen (ca 200 meter). Alternativt kan ein parkere i startområdet på Lote og hente startnummer der, men då må ein huke av for det i påmeldingsskjemaet. Les meir om parkering lenger nede.

 

Forøvrig ligg Sandane, og målområdet på Vereide, langs E39 med ca 2,5 timars køyreavstand nordover til Ålesund og ca 4 timar sørover til Bergen.

Sandane Lufthamn Anda ligg kun 4 kilometer frå Folkehøgskulen på Vereide og ca 9 km frå Sandane Sentrum.  

 

 

 

 

Langing av mat og drikke:

Arrangøren organiserer 2 langestasjonar (drikke) som er inkludert i startkontingenten: den første på Robjørgane, på toppen av stigninga opp frå Blakset. Dette er ca 10 km før ein kjem til Stryn. Den andre er om lag halvvegs opp mot toppen av Utvikfjellet, ca 5 km opp frå Utvik. Syklistane treng ikkje ta med eigne flasker til desse langestasjonane!

Langing frå køyretøy er forbode! Vi tilrår at dei som ikkje tek seg tid til å stoppe på matstasjonane får langa mat og drikke opp Utvikfjellet der farten er låg. For å unngå trafikk og farlege situasjonar knytt til langing langs Panoramavegen (mellom start og RV15), vil det ikkje vere høve til å lange mat og drikke på dette vegpartiet. Arrangøren har to langestasjonar for drikke der alle deltakarane som vil ha får ei flaske med vatn eller energidrikke.

 

 

Matstasjonar og servering:

Det blir lagt opp til 1 matstasjon. Denne blir i Olden, etter ca 59 km. Her kan ein stoppe og få fylt på flaskene sine, samt fylle på med litt mat som bananar med meir. I målområdet vert det servert ein varmrett. 

All servering er inkludert i startkontingenten! 

 

Overnatting:

Det finst fleire gode alternativ til overnatting i området.

 

Folkehøgskulen på Vereide er sommarhotell på denne tida, og kan tilby mat og overnatting i sjølve start- og målområdet.

 

Eller kva med å kombinere Nordfjordrittet med eit opphald på Gloppen Hotell som er ein av våre samarbeidspartnarar? Hotellet ligg i Sandane sentrum, ca 5 km frå målgong for Nordfjordrittet på Vereide.

 

I tillegg  finst det gode campingplassar i nærleiken: Gloppen Camping (http://www.gloppen-camping.com/), Reed Camping (http://www.reed-camping.no/) og Byrkjelo Camping (http://www.byrkjelo-camping.no/). Hotell Alexandra i Loen er òg eit alternativ plassert midt i løypetrasèen ca 1 times køyring frå Sandane. 

 

 

Puljeinndeling:

For å få flest mogeleg i mål på Vereide samstundes, har vi valt å dele inn i 2 puljar. For dei som treng litt lengre tid, og trur dei brukar meir enn 6 timar, tilrår vi pulje 1, med start kl 0930. For folk som har førebudd seg litt, og er i bra form, vil pulje 2 vere aktuelt. Nordfjordrittet kan samanliknast med 90-95 % av Bergen-Voss i sluttid, og dei som brukar kortare tid enn 6 timar der, tilrår vi melder seg på i pulje 2, med start kl 11.00. Dersom du ønskjer meir tid til å gjennomføre eller vil unngå fellesstart, kan du gjere det ved å starte før pulje 1 kl 0930. Hugs då å melde frå om dette til våre folk i sekreteriatet på Lote. 

 

 

Tunnelar og lys:

Det er fleire kortare tunnelar langs trasèen og det er påbudt å bruke lys både framme og bak på sykkelen. Dei som ikkje har lys påmontert ved start, vil få startnekt. 

 

  

Tidtaking og mellomtidstasjonar:

Nordfjordrittet nyttar elektroniske brikker frå Quick. Starttida for dei som startar i same pulje blir lik. 

  

Oppmøte og sekretariat:

Oppmøte for henting av startnummer og tidtakingsbrikke vert i sekretariatet på Folkehøgskulen på Vereide og i startområdet på Lote for dei som ønsker det (påmeldingsskjemaet på internett har avhuking for henting av startnummer).  Møt opp i god tid for henting av startnummer på rittdagen (seinast 1 time før start).

I startområdet på Lote må startnummer hentast seinast 30 minutt før puljestart.

 

Startnummer som ikkje blir henta eller gløymt i sekreteriatet på Vereide, vil bli sendt over til Lote før start.

 

 

Ferje Anda-Lote:

Ferje er inkludert i startkontingenten. Rutetidene kan du finne her: http://reise2.fjord1.no/fjord1iisstatictables/tables/ruter/t/14-817.htm 

Sidan dei to puljane blir starta litt over 09.30 og 11.00 tilrår vi at dei som kjem frå Anda (sørsida) tek 08.45- og 10.15-ferja. Då har ein god tid til å varme opp og gjere dei siste førebuingane i startområdet. Siste mogelege ferje frå Anda for å rekke puljestart blir 09.15 og 10.45, hhv for pulje 1 og pulje 2.

 

 

Parkering:

Det vil bli høve til å parkere i og rundt målområdet/sekreteriatet på Vereide og startområdet på Lote. Ved avkøyring til Folkehøgskulen frå E39, vil ein bli nærare anvist parkeringsplass. 

 

Garderobe og bagasjetransport:

Garderobefasilitetar finst i målområdet på Folkehøgskulen. Dei som ønskjer å parkere på Lote, ved startområdet, vil få transportert bagasje til målområdet. Dei som parkerer i målområdet på Vereide kan ta med seg ein sekk til startområdet som vil bli frakta tilbake til målområdet.